Årsaka til ringorm hos storfe er soppen Trichophyton verrucosum . Ringorm hos storfe og ringorm hos pelsdyr er liste 2-sjukdommar, og førekomst av eller mistanke om slik sjukdom skal straks rapporterast til Mattilsynet. For ringorm hos andre dyr, sjå faktainformasjon under artikkelen Ringorm.
Smittestoff og smittevegar
Trichophyton verrucosum er den viktigaste dermatofytten hos storfe, men storfe kan også smittast av andre artar, i hovudsak Trichophyton equinum (hest som hovudvert) og Microsporum canis (katt som hovudvert). Ved smitte av desse to artane er sjukdommen som oftast mildare, og smitte mellom dyr skjer i mindre grad samanlikna med infeksjon med Trichophyton verrucosum.
Dyr med symptom får hårlause flekker med skorper og flass som inneheld soppsporar. Soppsporane blir spreidde ved direkte kontakt mellom infiserte og friske dyr. Ein viktig smitteveg er også indirekte kontakt med innreiing, børstar, transportar og anna utstyr som er ureina med sporar. Mange dyr blir smitta på fellesbeite, og ofte viser dyra symptom etter innsetjing seint om hausten og i vintermånadane. Livdyrhandel er ein vanleg spreiingsmåte mellom buskapar.
Inkubasjonstida (dvs. tida frå smitte til kliniske symptom viser seg) er varierande, men til vanleg 10-21 dagar (kan vera opptil 6 veker).
Under gunstige tilhøve kan sporane overleva mange år i miljøet, spesielt i fjøs med treinnreiing.
Sjukdomsteikn og diagnostikk
Utviklinga av sjukdommen varierer i høve til dyra sin alder og immunstatus. Predisponerande faktorar er varme og fukt, dårleg hygiene og stress. Soppen finst i det øvre hudlaget (stratum corneum) og på hår. Når soppen veks på/i håra, blir desse sprø og brekker lett. Dette kan skje nede i hårsekkane eller like over hudoverflata. På denne måten blir dei hårlause flekkane som er typiske for ringorm, danna. Huda blir i tillegg ofte fortjukka og får eit belegg av flass og skorper. Soppveksten spreier seg radiert utover. Ny hårvekst kan danna seg sentralt i flekkane, og desse kan etter kvart visa seg som ringforma parti, ofte lokaliserte på hovud, hals og nakkeområde. Dyra er oftast lite påkjente allment. Det er som regel ikkje kløe eller smerte i samband med hudendringane, slik at fôropptak og tilvekst blir lite påverka.
Ved mistanke om ringorminfeksjon hos storfe bør ein alltid ta prøve frå eitt eller fleire dyr for å få bekrefta kliniske observasjonar med laboratoriediagnose. Staten dekkar kostnadane ved laboratoriegranskinga fordi ringorm hos storfe er ein B-sjukdom.
Prøven må takast nøyaktig, fordi eit slurvete prøveuttak kan gi eit falskt negativt resultat. Prøvematerialet skal takast frå utkanten av fleire lesjonar, i overgangen mellom friskt og sjukt vev, då det er her infeksjonen er mest aktiv. Huda kan vaskast varsamt med sprit for å redusera overflatekontaminasjon med bakteriar og miljøsopp, men pass på at spriten fordampar/tørkar ut før sjølve prøvetakinga. Prøven blir teken ved å nappa ut hår med pinsett eller ved å børsta huda med ein steril tannkost. Det er viktig å få med hårrøter. Ein kan også ta eit overflatisk hudskrap dersom det er mykje flass og skorper i huda. Dersom håra er lange, kan den ytste delen klippast av før napping. Dei inste 1-2 cm av håra, med røter, skal sendast til laboratoriet.
Prøvematerialet blir sendt i eit sterilt prøveglas/plastbehaldar (Falconrør e.l.) utan å skru lokket heilt igjen/ev proppa med bomull (for å hindra at det blir tett og dermed fuktig), eller pakkast inn i papir/papirkonvolutt/aluminiumsfolie.
På laboratoriet blir prøven mikroskopert direkte for eventuelt å påvisa soppsporar raskt. Eit negativt resultat ved direkte mikroskopi utelukkar likevel ikkje at dermatofyttar kan finnast i prøven, og dyrking på soppagar trengst for å kunna identifisera eksakt art. Skålene blir kontrollert ofte, og eit positivt svar blir sendt så raskt det er vekst med sikker morfologi (vanlegvis innan 1 veke). Sidan T. verrucosum veks seint, vil prøver ikkje bli svart negativ før det er gått ca. 2 veker.
Ein kan også påvisa dermatofyttar direkte frå vevsprøver ved hjelp av PCR og sekvensering.
Førekomst
Ringorm er utbreidd over heile verda, og det er først og fremst kalvar og ungdyr som blir smitta. Ringorm kan gi varige endringar i huda som blir synlege ved garving, slik at kvaliteten på huda og læret blir redusert. For vel 25 år sidan var ringorm hos strofe der årsaka var T. verrucosum ein vanleg sjukdom her i landet. Systematisk vaksinasjon har endra dette biletet. Nå finn ein berre sporadiske tilfelle, særleg i kjøtfebuskapar. Den kraftige reduksjonen av ringorm hos storfe i Noreg har ført til økonomisk gevinst for den enkelte bonde og for storfenæringa. Førekomst av ringormrelatert kvalitetsfeil på huder er sterkt redusert dei siste åra.
Bandlegging av buskapar fører til ekstrakostnader for bønder som ikkje lenger kan ha dyr på fellesbeite eller selja livdyr. Dessutan må slakteriet leggja om rutinane sine for henting av dyr og gjennomføra grundig vask og desinfeksjon av køyretøy og utstyr etter avslutta transportoppdrag. Styresmaktene har utgifter i samband med pålegg og oppheving av bandlagde buskapar. Kostnadane i samband med dette er blitt betydeleg reduserte i takt med nedgangen i talet på bandlagde buskapar frå 1980 til i dag.
Tiltak
Ringorm hos storfe der årsaka er T. verrucosum er ein liste 2-sjukdom i Noreg. Tiltaka som blir pålagt av Mattilsynet er i samsvar med tilrådingar fastlagt i «Forvaltningsveileder for bekjempelse av ringorm hos storfe». Det er utarbeidd eit opplegg som er inndelt i fasar, der målet er at bandlagde buskapar kan få tilbake status som ringormfri buskap. Opplegget varer i 1-2 år frå sjukdommen blir påvist og omfattar følgjande:
- Vaksinering av alle symptomfrie dyr i buskapen
- Vaksinasjon av alle kalvar fødde i buskapen straks etter fødsel, og alle nyinnkjøpte dyr. Vaksinasjon er tilrådd i 3-5 år.
- Behandling av smitta dyr med soppdrepande middel og isolering av smitta dyr frå friske (om mogleg).
- Vasking og desinfeksjon av husdyrrom og utstyr med soppdrepande middel (om dette let seg gjennomføra i praksis)
- Sjå til at drektige kyr kalvar i reingjorde og desinfiserte miljø
Førebyggjande tiltak i buskapar som er frie for ringorm
Ved innkjøp av dyr bør ein passa på å få helseattest, og forsikra seg om at det ikkje finst ringorm i buskapen som leverer dyra.
For ringorm hos andre dyr, sjå faktainformasjon i artikkelen Ringorm.