Raud hønsemidd

Raud hønsemidd (Dermanyssus gallinae) er eit blodsugande edderkoppdyr som er utbreidd i verpehønsflokkar i Noreg og i resten av Europa.

Parasitten kan vera eit stort problem for hønene si helse og velferd, og i ekstreme tilfelle kan den føra til store blodtap og død. Raud hønsemidd er ein potensiell smitteberar for fleire andre sjukdomsframkallande agens, til dømes raudsjukebakteriar og Salmonella.

Smittestoff og smittevegar

Raud hønsemidd (Dermanyssus gallinae) er ein parasittisk midd som lever av blod, i hovudsak frå hønsefugl. Parasitten er lett synleg og er lettast å sjå etter blodsuging; då er den raud og ca. 1 mm lang. Midd som ikkje har soge blod er gråkvit og noko mindre (ca. 0,7 mm).

Raud hønsemidd utviklar seg frå egg til vakse individ via eit larve- og to nymfestadium. Larvane liknar dei vaksne, men har tre par bein, og dei tek ikkje til seg næring. Nymfer og vaksne har 4 par bein, og dette er dei einaste stadia som syg blod. Nymfene treng blod for å utvikla seg vidare, og dei vaksne treng blod mellom kvar egglegging.

Hønsemidden syg blod frå både tamme og ville fuglar (fuglar som brukar same reirplass i fleire år, til dømes sporvar, svaler, duer). Hos ville fuglar finst det også liknande middartar, mellom anna Dernanyssus hirundis.

Midden lever i fuglane sitt nærmiljø. Dei finst gjerne i fuglane sitt reirmateriale og i sprekker og skjul i vegger og tak og innreiingar i fjørfehus. Den kan overleva i opptil eit halvt år utan tilgang på blod. Når den er svolten, finn midden fram til ein vert for å suga blod. Dette skjer i mørkeret, altså om natta  eller på stadar i hønsehuset der det er mørkt, til dømes i reirkassar.

Eit vakse individ kan leggja 7-9 egg på eitt måltid blod. Utviklinga frå egg til kjønnsmodent individ kan ta ned mot ei veke under gunstige miljøtilhøve (sommar). Ved mangel på fuglevertar kan midden suga blod av pattedyr, mellom anna gnagarar, hundar, kattar og menneske. Midden kan ikkje reprodusera når den syg blod av menneske, men det er vist at midden kan leggja levedyktige egg etter blodmåltid frå mus og kanin.

Det er beskrive at raud hønsemidd kan vera potensiell vektor for både virussjukdommar (mellom anna avipoxvirus, fowl adenovirus og Mareks sjukdom) og bakteriesjukdommar (mellom anna Erysipelotrix rhusiopathia, Salmonella spp. og Mycoplasma spp.).

Dei tre viktigaste smittekjeldene for introduksjon av raud hønsemidd er:

  • Unghøner frå oppalshus infisert med midd.
  • Resirkulert eggembalasje som ikkje er godt nok desinfisert.
  • Villfugl som byggjer reir i eller i nærleiken av fjørfehus.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Raud hønsemidd kan identifiserast ved mikroskopisk gransking, men det er få morfologiske skilnader mellom denne arten og andre nærliggjande artar, og sikker identifikasjon kan difor vera utfordrande. Analyse av DNA-sekvensar er den sikraste metoden for identifikasjon, og dette kan også gi meir informasjon om prøvene (sporing).

Raud hønsemidd kan også gå på menneske. Folk kan få skabbliknande utslett som klør sterkt. Graden av reaksjon varierer frå individ til individ, og visse menneske reagerer ikkje i det heile. Personar som arbeider i fjørfehus eller som kjem i tett kontakt med reir og fuglar, er mest utsette.

Førekomst

Raud hønsemidd er særleg utbreidd i eggproduksjonen. Førekomsten i verpehønsflokkar i enkelte europeiske land er svært høg (>80 %), men prevalensen varierer frå land til land. I Noreg finst midden hos ca. 20 % av verpehønsflokkane. Skilnader i utbreiing heng truleg saman med faktorar som klima, driftsformer og andre tilhøve som påverkar smittepresset.

Tiltak

Ved innsett av nye dyr i fjørfehus bør huset vera reingjort/desinfisert etter førre innsett. Tiltak som å redusera flytting av utstyr og materiell mellom hus, eventuelt berre etter grundig vasking/desinfisering av utstyret som skal flyttast, kan vera viktige tiltak for å minska smitterisikoen mellom hus. Til dømes kan eggbrett varmebehandlast for å hindra smittespreiing med returembalasje. Det er også viktig å hindra at villfugl byggjer reir på eller i nærleiken av fjørfehuset.

Reingjering og sanering av fjørfehus infiserte med midd skal skje straks etter slakting av dyra. Det er viktig at temperaturen blir halden på 20°C etter at fjørfehuset er tømt, for å unngå inaktivering av midden ved lågare temperaturar. All behandling startar med grundig mekanisk grovreingjering og støvsuging. Vidare behandling mot raud hønsemidd skjer enten ved varmesanering av infisert hønsehus (55°C over fleire timar) ved kjemisk behandling (Foxim), eller ved ein kombinasjon mellom desse. Sjå eigen rapport om dette frå 2007. Det kan vera utfordrande å bli heilt kvitt parasitten, og ein har sett at parasitten kan koma tilbake i sanerte hus.