Kverke er ein liste 2-sjukdom, og førekomst av eller mistanke om kverke skal straks rapporterast til Mattilsynet.
Smittestoff og smittevegar
Kverke (også kalla kversill eller kvarsott, på engelsk strangles) skuldast bakterien Streptococcus equi subsp. equi.
Vanlegaste smitteveg er via dråpesmitte, der smitteberaren skil ut smittestoffet gjennom utandingslufta, og dette slår seg ned i slimhinna i nase/svelg på det friske dyret.
Smitte kan også skje indirekte ved at bakterien blir deponert i krybber, drikkekar, bøtter, fôr, beite, vatn, på utstyr aller anna som kan smitta til det friske dyret. Insekt og menneske kan også overføra bakteriane frå hest til hest.
Kverkesjuke hestar kan vera smittefarlege i minst 6 veker etter infeksjonen. I sjeldne tilfelle kan dyr som har gjennomgått sjukdommen og som ser ut til å vera friske kunna spreia smitten i månadsvis. Bakterien kan også overleva i 6-8 veker i stallmiljøet.
Alle hestar kan bli råka av sjukdommen, men i område der sjukdommen er vanleg kan, eldre hestar ha opparbeidd ei viss motstandskraft etter gjennomgått infeksjon. Denne motstandskrafta er likevel ikkje større enn at dyret kan smittast på nytt og få kverke etter eit halvt års tid, dersom smitten ikkje blir fjerna frå miljøet.
Sjukdomsteikn og diagnostikk
Til vanleg går det frå fire til åtte døger frå smitte til dei første symptoma viser seg. Desse symptoma er slimete naseutflod som etter kvart blir tjuktflytande og uklart puss, feber og nedsett matlyst. Hoste er vanleg.
Temperaturen går ned etter to til tre døger, men aukar igjen når det blir danna verkebyllar i lymfeknutane. Det er særleg kjevegreinslymfeknutane (Lnn. mandibulares) som blir råka. Desse ligg mellom bakre delar av underkjeven. Ikkje sjeldan er også øyrelymfekjertlane (Lnn. parotis) og svelglymfeknutane bak svelget (Lnn. retropharyngeales) råka.
Svelging av fôr og vatn blir vanskeleg på grunn av smerte og hevelse. Hevelsane kan også snevra inn luftvegane slik at respirasjonen blir hemma. Dette er opphavet til namnet på sjukdommen.
Etter ti til tolv dagar sprekk verkebyllane, og pusset blir tømt ut gjennom huda. Hevelsen går ned og smertene minkar, og dyret tek til å eta betre igjen. Sjukdommen varer til vanleg to til tre veker.
Sjukdommen kan også ha ei mildare form, og viser seg då berre ved naseutflod.
I meir omfattande utbrot kan fleire av lymfeknutane i hovudet vera angripne og byllar kan utvikla seg over heile dyret. Samstundes kan ein sjå store hevelsar på grunn av hemma lymfedrenasje.
Infeksjonen kan bli langvarig dersom smittestoffet slår seg ned i luftsekkene. Luftsekkene er utposingar av svelgslimhinna som finst hos dyr av hesteslekta. Ved ein infeksjon her vil pusset bli fanga opp utan at det finst utløp frå luftsekken. Betennelsen blir liggjande og ulma, og tilstanden varer ved. Den tilsynelatande friske hesten kan spreia smitte i lange tider, i månader og år.
Hos nokre hestar spreier infeksjonen seg til andre organ. Ofte vil verkebyllar danna seg i tarmlymfeknutar, og når det går hol på desse, vil som oftast hesten stryka med av bukhinnebetennelse. Elles vil symptoma variera mykje avhengig av spreiingsgraden og kva organ som er råka. Ofte ender dette med dødsfall.
Brannfeber er ein annan alvorleg komplikasjon. Dette er ein følgjesjukdom som kan oppstå i dei første vekene etter ein overstått infeksjon og skuldast ein hypersensibilitetsreaksjon mot streptokokk-protein. Reaksjonen skadar blodkar, noko som fører til at plasma lek ut i vev. Andre seinskadar er hjartemuskelbetennelse, muskelbetennelse, anemi og strupepiping på grunn av nerveskadar i strupehovudet.
Hestar med seinskadar har nedsett bruksverdi.
Diagnostikk
Diagnosen kverke blir stilt på grunnlag av sjukdomsbiletet og kan sikrast ved påvising av bakterien ved dyrking eller påvisning av bakterie-DNA (PCR) frå puss frå nase eller verkebyllar. Utan tilgjengeleg puss kan ein ta svaberprøver frå veggen av nase/svelg (nasopharynx) gjennom nasegangen (Meatus ventralis).
Førekomst
Kverke finst i heile verda, men er blitt mindre vanleg på grunn av betre medisinsk behandling og betre førebyggjande tiltak. I Noreg blir fleire utbrot diagnostisert årleg, vanlegast i vinterhalvåret og i kaldt og fuktig ver.
Tiltak
Kverke er ein liste 2-sjukdom som blir handtert av Mattilsynet. Når sjuke dyr har fått behandling, vil sjuke og smitteførande dyr bli isolerte, smittekjelder bli påviste og reingjering, desinfeksjon og karantene gjennomført.
Penicillin har god effekt mot kverke, og dei fleste hestane svarer godt på behandling. Utsiktene til full heiling er til vanleg gode.
Krav om helseattestar og varsemd i samband med flytting av hestar, fellesbeite mv. er viktige førebyggjande tiltak.