Infeksiøs laryngotrakeitt

Infeksiøs laryngotrakeitt (ILT) er ein smittsam luftvegssjukdom hos fjørfe, ein sjukdom som er endemisk i mange land. I Noreg råkar sjukdommen stort sett hobbyflokkar. ILT er ikkje årsak til sjukdom hos menneske.

ILT er ein liste 2-sjukdom, og førekomst av eller mistanke om ILT skal straks rapporterast til Mattilsynet.

Smittestoff og smittevegar

Årsaka til ILT er eit alfaherpesvirus (ILTV), eit kappekledd DNA-virus. Ulike ILT virusstammer har svært varierande evne til å gi sjukdom (virulens). Latente ILTV-infeksjonar oppstår som ved alle andre herpesvirusinfeksjonar.

Viruset blir lett inaktivert med vanlege desinfeksjonsmidlar.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Sjuke fuglar får dyspné med hoste og rallelyd i luftvegane. Dei står med ope nebb, lukka auger og utstrekt hals, og prøver å pusta. Dei hostar opp blodig sårvæske og ristar på hovudet. Interiøret kan bli tilsølt med blodig eksudat. Mildare former for ILT gir svak luftvegsinfeksjon og konjunktivitt (hornhinnebetennelse) med hovne auger. Appetitten er redusert og eggproduksjonen går ned i flokken.

Morbiditeten er ofte høg i ei flokk som ikkje tidlegare har vore smitta. Dødelegheita kan vera høg, 50-70 % er rapportert, men det vanlegaste er 10-20 %. Utbrotet kan vara i 2-6 veker på grunn av langsam diffusjon.

Ein kan sjå typiske endringar i  strupehovudet og luftrøyret med hemorragisk betennelse i slimhinnene og blodig eksudat i lumen.  Sjølvdaude fuglar har ofte ein plugg av pseudomembran/fibrinopurulent eksudat som fører til kveling. I mildare utbrot ser ein berre katarralsk konjunktivitt og biholebetennelse.

Med mikroskopisk gransking kan ein i den akutte fasen av infeksjonen sjå intranukleære inklusjonslekamar og syncytia av epitelceller i luftrøyret. Desse inklusjonslekamane er patognomoniske for sjukdommen. Dersom ein ikkje får fuglar med akutt infeksjon til undersøking, kan ein gå glipp av desse inklusjonane. Ein kan laga utstryk frå luftrøyret på objektglas, fiksera og farga for raskt å sjå etter desse endringane.

Diagnostikk
Obduksjon av flere fugler kan føre til en rask og pålitelig diagnose av akutt syke fugler, ved funn av de endringene som er beskrevet ovenfor. Ved immunhistokjemisk undersøkelse kan man påvise viralt antigen i utstryk.

Serologisk undersøkelse av blod eller egg gjøres ved indirekte ELISA. Virusisolasjonstest kan gjøres i primære cellekulturer eller embryonerte kylling egg. PCR-metoder kan benyttes til å oppdage virus i luftrøret. 

Påvisning av virus i elektronmikroskopet (EM) er en alternativ diagnostisk metode, men ikke så vanlig i rutinediagnostikk.

Førekomst

I Noreg har ikkje ILT vore diagnostisert i kommersielt fjørfehald sidan 1971, men etter 1998 har ein sett fleire utbrot kvart år i hobbyflokkar.

I Danmark fann ein ILT i hobbyflokkar i 1993, og sjukdommen har sidan vore diagnostisert i nokre små frittgåande kyllingflokkar kvart år. I Sverige blei det første ILT-utbrotet oppdaga i Dalarna i 1996, og dei har sidan det hatt nokre utbrot i bakgardsflokkar kvart år. Eit bekrefta tilfelle av ILT er blitt sett i økologisk eggproduksjon i Sverige.

Ved epidemiologiske undersøkingar både i Sverige og Noreg er det blitt vist at handel med infiserte symptomfrie dyr og deltaking på utstillingar kan vera vanlege årsaker til smitte.

Overvaking

Det har funnest eit overvakingsprogram sidan 1998. I alle kommersielle avlsflokkar blir det årleg teke blodprøvar for undersøking for antistoff mot ILT.

Gå til overvakningsprogrammet.  

Tiltak

ILT er ein liste 2-sjukdom. I mange land blir sjukdommen førebygd i endemiske område gjennom vaksinasjon (levande vaksine). I Skandinavia har ein stolt på strenge hygienereglar for å verna kommersielle fjørfeflokkar mot smitte frå hobbyflokkar.

Hobby-industrien kunne ha førebygd sjukdommen ved hjelp av helseprogram for å hindra spreiing av smitte via handel og utstillingar, men dei har ikkje klart å bli einige om eit slikt program. Sidan infeksjonen ikkje blir overført med egg, er det tryggare å kjøpa befrukta egg enn levande fuglar.