IHN er ein liste 2-sjukdom, og førekomst av eller mistanke om IHN skal straks meldast til Mattilsynet.
Smittestoff og smittevegar
Sjukdommen infeksiøs hematopoetisk nekrose (IHN) skuldast eit Rhabdovirus – Infeksiøs hematopoetisk nekrose virus (IHNV). Basert på eit avgrensa område av genomet vert viruset delt inn i fem genotypar (U, M, L, J og E). Bokstavane U, M og L står for Upper, Middle og Lower del av Nord-Amerikas vestkyst og syner den opphavelege utbreiinga av genotypane. Smitte frå Nord-Amerika er opphav til genotype E i Europa og genotype J i Japan.
Blant mottakelege artar er regnbogeaure, stillehavslaks, røye og atlantisk laks. Sjukdommen kan også induserast eksperimentelt hos andre artar, som til dømes gjedde. Yngel er til vanleg meir mottakeleg for sjukdommen enn eldre fisk.
IHN har tradisjonelt gitt størst problem i intensivt oppdrett av regnbogeaure. Yngel blir hardast råka, men større fisk har også blitt sjuk. Dei fleste sjukdomsutbrota skjer på våren og hausten ved relativt låge temperaturar (8-15 °C).
Sjukdomsteikn og diagnostikk
Dei viktigaste kliniske teikna har vore knytt til problem med osmoregulering og blodsirkulasjon. Dette syner seg som utståande auger og veske i bukhola.
Ved obduksjon finn ein småblødingar i organa og svulne nyrer. Ved mikroskopisk undersøking av vevssnitt finn ein utbreidd celledød i hematopoetiske (bloddannande) vev, og det er desse karakteristiske endringane som har gitt sjukdommen namn.
Diagnostikk
Prøvane blir granska makroskopisk og i mikroskop for å sjå etter endringar som er karakteristiske for IHN. I tillegg kan virus påvisast ved immunhistokjemisk undersøking, dyrking eller/og molekylærbiologisk metode som RT-PCR i ulike vevsprøvar.
Førekomst
IHN har aldri vore påvist i Noreg.
IHN var opphaveleg eit amerikansk problem, særleg på vestkysten av USA og Canada. Seinare er sjukdommen påvist i land som har importert avlsmateriale frå desse landa, mellom anna i Japan, Chile, Italia, Frankrike, Tyskland og Belgia. I november 2017 vart IHNV påvist for fyste gong i Finland.
Den 19. mai 2021 kom det melding frå Danmark om funn av IHNV på regnbogeaure i eit dambruk på Jylland. Fisken var utan kliniske teikn. Frå anlegget på Jylland er det sendt levende fisk til to anlegg på Åland i Finland. Her har det vore teikn som ved IHN og sjukdommen på fisken er bekrefta. Det er òg funne IHNV på eit dambruk til på Jylland. For mer informasjon om IHN, se Fiskehelserapporten 2019, side 67 og 68.
Overvaking
Noreg har sidan 1994 hatt fristatus for IHN. Eit overvakingsprogram vart starta i 2004.
Overvakingsprogrammet er i dag risikobasert og omfattar aktive lokalitetar med laks og regnbogeaure samt villfisk. Dette fører med seg at aktuelle prøvar innsendt til Veterinærinstituttet med mistanke om listeført sjukdom eller for generell sjukdomsoppklaring blir undersøkte for VHSV og IHNV. I 2019 vart 60 pukkellaks som vart fanga i Aust-Finnmark undersøkt for IHNV med negativt resultat.
Tiltak
IHN er ein liste 2-sjukdom, og ei påvising vil innebere destruksjon av all fisk på lokaliteten med smitte («stamping out»). Det vil dessutan verte oppretta eit kontrollområde som omfattar nærliggande lokalitetar. Vaksinasjon er ikkje aktuelt i Norge.