IB er ein liste 2-sjukdom, og førekomst av eller mistanke om IB skal straks meldast til Mattilsynet.
Smittestoff og smittevegar
Årsaka til IB er eit coronavirus. Smitta dyr skil ut virus via luftvegane og via avføring ein til tre dagar etter at dei er smitta.
Dyra kan halda fram med å skilja ut virus i fleire veker etter at kliniske symptom er borte, og viruset kan finnast i tarmen i opptil fleire månader. Infeksiøst bronkittvirus blir ikkje spreidd via egg, men egget si overflate kan vera kontaminert. IB spreier seg raskt i ein flokk. Både luftboren smitte, spreiing med avføring og infiserte høns og spreiing med vektorar (personar, utstyr) er truleg viktige for smittespreiing mellom flokkar.
Sjukdommen er vidt utbreidd hos hobbyfjørfe, noko som fører til at dei kan vera ei smittekjelde. I Noreg er hobbyhøns truleg det viktigaste smittereservoaret.
Sjukdomsteikn og diagnostikk
Infeksiøst bronkittviruset angrip luftvegane hos mottakelege dyr i alle aldrar og kan vera årsak til luftvegssymptom som nysing, auka naseflod, oppsvulma hovud (biholebetennelse) og nedsett allmenntilstand. Sjukdommen kan gi auka dødelegheit hos unge kyllingar, mens ukompliserte infeksjonar hos unghøner og vaksne høner gir lita eller inga dødelegheit. Sekundære bakterielle infeksjonar kan derimot føra til at fleire dyr stryk med.
Smitte hos flokkar med verpande høner kan visa seg som eit kraftig fall i eggproduksjonen.
Verpeprosenten kan bli meir enn halvert, og ein kan sjå egg med ujamne, skjøre skal og tyntflytande eggekvite. Det kan ta fire til seks veker før produksjonen tek seg opp igjen. Ein kan også finna nyreskader som følgje av infeksjonen, og dette kan gje dårlege produksjonsresultat, særleg hos slaktekylling.
Det tek oftast 18 til 36 timar frå dyret er smitta til det viser symptom.
Diagnostikk
Infeksjon med infeksiøst bronkittvirus kan diagnostiserast ved å påvisa virus, enten ved dyrking eller ved hjelp av molekylærbiologiske metodar. Antistoff i blodet kan også påvisast ved ulike metodar.
Førekomst
Viruset blir årleg påvist i fleire hobbyhøns-flokkar i Noreg. Sverige hadde fleire utbrot av IB på 1990-talet. På grunn av desse utbrota byrja ein i 1997 å vaksinera mot IB. Elles i Norden er IB relativt vanleg i Danmark, men uvanleg i Finland.
IB finst i heile verda, og ein reknar med at høns er den einaste arten som er mottakeleg for sjukdommen. Eit liknande virus finst hos fasan.
Sjukdommen betyr mykje økonomisk for det kommersielle hønsehaldet, også i land som vaksinerer for å kontrollera sjukdommen.
IB-virus gir ikkje sjukdom hos menneske.
Tiltak
IB er ein liste 2-sjukdom. Sjukdommen blir i dag førebygd ved generelle tiltak mot smitte i hønseflokkar. I denne samanhengen er skjerming mot hobbyfjørfe viktig.
Ein har så langt ikkje teke i bruk vaksinasjon i Noreg fordi sjukdommen sjeldan finst i kommersielle flokkar, og vaksinasjon kan ha visse biverknader. Dersom ein skal vaksinera, må ein bruka levande, svekka virus. Dessutan finst viruset i mange variantar, noko som krev bruk av fleire vaksinetypar.