Infeksiøs anemi hos hest

Infeksiøs anemi (equine infectious anemia – EIA) er ein svært alvorleg virussjukdom hos hest, esel og muldyr. Sjukdommen førekjem over heile verda. EIA smittar ikkje til menneske.

EIA er ein liste 2-sjukdom, og førekomst av eller mistanke om EIA skal straks rapporterast til Mattilsynet.

Smittestoff og smittevegar

Infeksiøs anemi skuldast eit virus (equint infeksiøst anemivirus – EIAV) som er eit lentivirus i familien Retroviridae, i slekt med mennesket sitt HIV. Viruset smittar hestar, esel og muldyr.

Viktigaste smitteveg er via ulike blodsugande/stikkande insekt. I tillegg kan viruset overførast frå hoppe til føl i fosterlivet og via colostrum (råmjølk).

Smittespreiing kan også skje gjennom serum og andre blodprodukt og ved gjenbruk av kanylar mv. Kanskje kan virus også spreiast via luft, ved inhalasjon av aerosolar frå smitta hest. Smitta hestar held fram med å skilja ut virus gjennom heile livet.

Virus kan overleva utanfor dyret i blod, vev og tørr møk.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Sjukdommen viser seg ved undulerande (periodisk) høg feber, anemi, veikskap og i alvorlegare tilfelle dødsfall. Inkubasjonstida er til vanleg 1-3 veker, men kan variera frå 3 dagar til 3 månader.

Viruset fører til ein sterk reaksjon frå immunapparatet, både humoral og cellebunden immunrespons, og dette er årsaka til mange av symptoma. EIA kan finnast i akutt og kronisk form, og i meir eller mindre symptomfrie (subkliniske) former.

Den akutte forma er karakterisert av periodevis svært høg feber (40-42 °C) der viruset finst i blodet. Dyret misser matlysta, verkar nedstemt, og ein ser trombocytopeni (nedgang i talet på blodplater), auka puls, blodig diaré, petechiale (punktforma) blødingar i konjunktiva (augeslimhinna) og andre slimhinner, bleike slimhinner, anemi (blodmangel) ødem under huda, ikterus (gulsott), vekttap og i alvorlege tilfelle død i løpet av 10-30 dagar.

Overlever hesten, går sjukdommen over i ein kronisk fase med tilbakevendande feber og nedsett allmenntilstand. Dyret kan verka rimeleg friskt mellom feberperiodane, men vil ha nedsett prestasjonsevne på grunn av anemi.

Hestar kan ha svake symptom og subkliniske infeksjonar. Infeksjon hos drektige hopper kan føra til abort, daudfødslar og svaktfødde føl.

Diagnostik

Patologiske funn heng saman med stadium av sjukdom. Funna viser i stor grad effekten av skader påført dyret av sin eigen immunrespons. I tillegg til symptombiletet som er beskrive tidlegare kan ein finna svulne lymfeknutar, forstørra milt og lever, tydeleg lappedeling av levra, bløding på innvollar og slimhinner, mononukleære celleinfiltrat i lever, binyrer, milt, lymfeknutar, lunger og meningar, og makrofagar med hemosiderin i lymfeknutar, lever, milt og beinmarg. Ofte kan ein og finna glomerulonefritt.

Ein sannsynsdiagnose kan stillast på grunnlag av kliniske symptom og/eller obduksjon.

Diagnosen kan verifiserast med ein serologisk test for antistoff mot EIAV (AGID-agar gel immunodiffusjonstest eller Coggins test). Det finst også andre ELISA og PCR-metodar, men genetisk variasjon mellom virusstammer kan då vera eit problem.

Antistoff kan til vanleg påvisast i blod 7-14 dagar (opptil 45 dagar) etter infeksjon, og antistoffnivået kan halda seg høgt livet ut.

Ein sannsynsdiagnose kan stillast av veterinæren på grunnlag av kliniske symptom og/eller obduksjon. Diagnosen kan verifiserast med blodprøve der ein undersøker for antistoff mot viruset. Dette kan til vanleg påvisast i blod frå 7-14 dagar etter infeksjonen og varer livet ut.

Førekomst

Sjukdommen blei beskriven første gang i Frankrike i 1843, og finst i alle verdsdelar. EIA er svært utbreidd i Romania, men finnes også i Italia, og blir sporadisk påvist i andre europeiske land. Den er ikkje påvist i Noreg i nyare tid, men det er all grunn til å vera merksam på sjukdommen.

Tiltak

EIA er ein liste 2-sjukdom. Infiserte hestar blir truleg avliva fordi dei vil bli varige virusutskiljarar. Det finst verken vaksine eller effektiv behandling mot sjukdommen.

Ein bør ta blodprøve og testa for antistoff dersom ein vil importera hestar frå område med EIA.

Rom der smitta hestar har opphalde seg må desinfiserast. Dette gjeld også avføring, blod og vev frå smitta hestar. Virus blir inaktivert ved koking, og er følsamt for desinfeksjonsmidlar som jodpreparat, etanol, klorhexidin og hypokloritt.