Hestar som ikkje er vaksinerte kan bli svært sjuke, og sjukdommen kan føra til dødsfall, særleg for føl og svekka individ. Sjukdommen smittar ikkje til menneske.
Smittestoff og smittevegar
Årsaka til hesteinfluensa er eit influensavirus type A som høyrer til i familien Ortomyxoviridae. Det finst to typar virus som er årsak til sjukdom, equi1/H7N7 og equi2/H3N8. Influensavirus A/equi1/H7N7 er ikkje påvist i verden på fleire tiår og kan reknast som utrydda. Influensavirus endrer seg lett til undertyper som omgår immunitet mot andre undertyper.
Hesteinfluensa råkar hest og esel. Sjukdommen er svært smittsam og har ei inkubasjonstid på 1-3 dagar. Virus replikerer i dei nedre luftvegane. Ved hoste blir store mengder virus frisett. Desse blir spreidde ved dråpesmitte (aerosol) som blir inhalert.
Sjukdomsteikn og diagnostikk
Kor alvorleg sjukdommen blir, heng saman med virustype og individet sin immunstatus. I uvaksinerte populasjonar blir ofte alle hestar sjuke og får kraftigare symptomer.
Første sjukdomsteikn er feber som kan gå opp til 41 °C og som varer i 4-5 dagar. Etter feber i opp til 2 dagar følgjer djup og tørr hoste. Hesten blir slapp og mister matlysta. Muskelsmerter er vanleg. Ofte renn serøst til mucopurulent utflod frå nase og eventuelt auge. Dei submandibulære lymfeknutane er ofte forstørra, og dyret kan ha ødem i beina.
Sjukdommen går til vanleg over etter 7-10 dagar. Det er rapportert sekundære bakterieinfeksjonar og andre komplikasjonar som bronkitt, brokiolitt, interstitiell pneumoni og alveolært ødem, laryngitt, trakeitt og myokarditt.
Diagnostikk
Serum (fullblod) blir undersøkt med hemagglutinasjonsinhibisjonstest (parprøve). Ein kan påvisa virus direkte i nasesvaber ved PCR, men dette blir ikkje gjort ved Veterinærinstituttet.
Førekomst
Virus finst enzootisk i Nord-Amerika og Europa inkludert Noreg, og rutinemessig vaksinasjon er vanleg.
Tiltak
Hesteinfluensa er ein liste 3-sjukdom. Veterinærar bør rapportera nye utbrot straks til Mattilsynet. Sjuke hestar bør isolerast, og temperaturen på andre hestar på stallen bør målast to gonger dagleg. Ein bør unngå kontakt med hestar frå andre stallar.
Ein kan setja i gang symptomatisk behandling. Det er viktig at hestane får ein lang rekonvalesens og at dei blir skåna for fysiske påkjenningar dei fyrste vekene etter at influensaen er over.
I Noreg er det vanleg å vaksinera mot hesteinfluensa, og dokumentasjon på oppdatert vaksinasjon må visast ved dei fleste hestestemner. Vaksinen beskyttar mot begge virusvariantane (influensavirus A/equi 1 og A/equi 2). Føl kan vaksinerast frå 5-6 månaders alder dersom mora er vaksinert og frå 3 månaders alder dersom mora ikkje er vaksinert. Grunnvaksinering krev tre doser. Det skal gå 21-60 dagar mellom fyrste og andre vaksinedose. Ein tredje boosterdose skal gis 4-6 månader etter andre vaksinedose for å gi god immunitet.
Etter grunnvaksineringa er årleg revaksinering tilrådd. Vaksinen gir ikkje fullt vern, og ved sjukdomsutbrot blir det tilrådd å revaksinera dersom det er meir enn 3-4 månader sidan siste vaksinering. Berre friske hestar skal vaksinerast, og hesten bør skånast for fysiske påkjenningar både på vaksinasjonsdagen og i den etterfølgjande veka. drektige hopper skal ikkje vaksinerast i siste trimester.