Det er beskrive meir enn 25 artar av fjørmidd på domestiserte fjørfe, men samanlikna med Dermanyssus gallinae (raud hønsemidd) og Ornithonyssus sylviarum (Northern fowl mite) betyr fjørmidd lite i kommersiell fjørfeindustri.

Smittestoff og smittevegar
Det finst meir enn 2000 artar av fjørmidd. Dei einskilde artane er morfologisk svært ulike og i dei fleste tilfelle vertsspesifikke. Med ein storleik på 350-500 mm er dei mindre enn både lus og raud hønsemidd, og med eit tydeleg skilje mellom hann- og homidd.
Hos hønsefuglar er Megninia cubitalis og Megninia ginglymura mest vanlege.
Midd av arten Megninia lever heile sitt liv på verten. Dei legg egg på fjørene, og både juvenile og vaksne midd lever og et på fjørdrakta. Fjørmidd utviklar seg i fleire stadium, frå egg til vaksen via larve- og to nymfestadium.
Smitte skjer i hovudsak ved at nymfer vandrar over ved direkte kontakt mellom fuglar. I motsetnad til raud hønsemidd lever Megninia spp. heile sitt liv på verten, og i lita grad i miljøet rundt. Smitte via menneske, utstyr og avfall spelar difor mindre rolle og reknast for å vera lite sannsynleg.
Sjukdomsteikn og diagnostikk
Ein infeksjon med Megninia spp. er ofte utan symptom, men kliniske symptom kan observerast hos fuglar som er hardt angripne. Då kan sjukdommen få store økonomiske og dyrevelferdsmessige konsekvensar.
Symptom er kløe, fjørplukking, dermatitt og underernæring, i tillegg til nedgang i eggproduksjonen på opptil 20 %.
Fjørmidd kan identifiserast ved undersøking med mikroskop.
Førekomst
Hausten 2015 blei fjørmidd påvist i Noreg for fyrste gang, på ein sultanhane i samband med obduksjon. Hanen kom frå ein hobbyhøneflokk og var nyss innkjøpt. Dette har så langt vore det einaste funnet av fjørmidd i Noreg.
Megninia er påvist hos fjørfe i mellom anna Europa, Australia, Nord-, Mellom- og Sør-Amerika og Afrika.
Det finst også publikasjonar om infeksjon med Megninia spp. hos ville fuglar som bobwhite quail (USA) hokkoer (Brasil og Trinidad), perlehøns (Nigeria) og fasanar (Nebraska), men ingen av desse artiklane peikar på at parasitten betyr noko for kommersielt fjørfehald.
I samband med ei undersøking av endo- og ektoparasittar hos hobbyhøns i Sverige i 2004 blei det rapportert om funn av Megninia ginglymura/Megninia spp. Det er ikkje rapportert om påvising av parasitten i andre nordiske land.
Tiltak
Sjukdommen er ikkje meldepliktig i Noreg.
Megninia spp. smittar berre ved direkte kontakt mellom fuglar, og det er difor lite truleg at parasitten blir overført frå hobbyhønsehald til kommersielt fjørfehald. Sverige har eit fjørfehald som liknar på vårt, og det er ikkje rapportert om smitte til kommersielle flokkar der.
Det ser heller ikkje ut til at ville fuglar er eit trugsmål mot kommersielle flokkar så lenge ein har sett i verk tiltak for å hindra direkte kontakt mellom vill og domestisert fugl. Det er likevel viktig å merka seg at flokkar med frittgåande verpehøns som blir haldne utadørs vil vera utsette for å få overført sjukdommar, både frå hobbyhønsehald og frå ville fuglar.
Det er viktig å kontrollera livdyr for ektoparasittar ved kjøp og sal.
Megninia spp. er ein liten (ca. 0,5 mm lang) gråaktig kvit fjørmidd. Ein ser midden som støv/flass på fjørene. Ved å rufsa på fjørene over eit mørkt underlag vil støv som rører seg på underlaget vera teikn på infeksjon med Megninia spp.
Behandling
Alle dyr i flokken skal behandlast med ektoparasittmiddel. I litteraturen går det fram at acaricid (pyretrin, triklorfon, diklorvos, ivermectin, selamectin) har effekt mot midden.
I tillegg til behandling av dyra må dyrerommet reingjerast grundig med varmt vatn og såpe, særleg vagl og reirkassar. Før vasking må gammalt strø og reirmateriale fjernast saman med anna laust materiale og skit. Avslutt gjerne denne grovreingjeringa med støvsuging.
Etter reingjering skal huset behandlast med acaricide midlar (i litteraturen er pyretroid, fosforsyreester og karbamat oppgitt å ha effekt). Huset/rommet må så stå lukka ei stund etter behandlinga, til dømes 1-2 dagar, før hønene blir slepte inn.