Campylobacter

Campylobacter er ei gruppe bakteriar der nokre kan gi sjukdom, særleg hos menneske. Tamme og ville dyr og fuglar er ofte friske berarar.

Det er særleg dei termotolerante (tåler varme) bakteriane som C. jejuni og C. coli som kan vera årsak til sjukdom hos menneske.

Smittestoff og smittevegar

Campylobacter blir skilt ut med avføring og smittar via ureina mat eller vatn og ved kontakt med infiserte dyr eller menneske.

Bakteriane formeirar seg til vanleg ikkje i mat, men kan overleva lenge ved kjøleskapstemperatur. Frysing fører til sterk reduksjon av mengde bakteriar.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Dyr kan av og til bli sjuke, men oftast er dei symptomfrie berarar av bakteriane. Diaré kan førekoma, særleg hos unge individ. Mange tamme og ville dyr og fuglar er friske smitteberarar.

Campylobacteriose hos mennesker

Campylobacteriose er den vanlegast registrerte årsaka til bakteriell tarmsjukdom hos menneske i Noreg. Om lag halvparten av sjukdomstilfella her i landet skuldast innanlands smitte, og i Noreg har ein funne ulike risikofaktorar som udesinfisert drikkevatn, fjørfeprodukt kjøpte rå, dårleg hygiene under grillmåltid og ved tillaging av fjørfeprodukt, uhygienisk kontakt med husdyr og upasteurisert mjølk. Les meir om campylobacteriose hos menneske hos Folkehelseinstituttet

Prøvemateriale frå dyr og mat kan undersøkast for Campylobacter ved bakteriologiske dyrkingsmetodar eller ved PCR.

Veterinærinstituttet er nasjonalt referanselaboratorium for Campylobacter frå fôr, dyr og mat.

Førekomst

Norsk slaktekylling er blitt undersøkt for Campylobacter sidan 2001. Resultata frå overvakinga viser at det er stor sesongmessig variasjon; i vinterhalvåret er det svært få positive flokkar, mens det i sommarhalvåret kan vera veker med over 20 % positive flokkar.

Bakteriane er vanlege i heile verda. C. jejuni er den vanlegaste varianten hos fjørfe og storfe, C. coli finst oftast hos gris mens C. upsaliensis finst oftast hos hund og katt. 

Campylobacter kan ofte isolerast frå ubehandla overflatevatn.

Overvaking

Handlingsplanen mot Campylobacter hos slaktekylling blei etablert i 2001. Sentralt i denne planen er eit overvakingsprogram som omfattar alle slaktekyllingar som blir slakta i perioden mai – oktober.

Gå til overvakingsprogrammet

Tiltak

Dei fleste (ca. tre firedelar) av dei positive slaktekyllingflokkane som er inkluderte i overvakingsprogrammet blir oppdaga før slakting, og produkta frå desse flokkane blir frosne ned i minst 3 veker eller varmebehandla slik at bakteriane blir øydelagde.

Campylobacter skal ikkje finnast i mat som er klar til å etast.