Aviær klamydiose er ein liste 2-sjukdom og førekomst eller mistanke om aviær klamydiose skal strakst rapporterast til Mattilsynet.
Smittestoff og smittevegar
Årsaka til aviær klamydiose er ein bakterie kalla Chlamydia psittaci. Ein stor del av selskapsfugl verda over er berarar av sjukdomen.
Smitteutskiljing frå ein smitta fugl kan byrje før fuglen sjølv viser klinisk teikn på sjukdom. Infiserte fuglar skil ut smittestoff i avføring, urin, spytt og eksudat frå auger og luftvegar. Smitta materiale i små vassdropar (aerosol) og i støv og anna organisk material er smittekjelder. Fuglar støvar mykje, og mikroben kan spreiast mellom fuglane sjølv om dei er plasserte med god avstand frå kvarandre.
Sjukdomsteikn og diagnostikk
Symptoma hjå fugl er ofte lite tydelege og kan variere frå lett diare, nedsett matlyst og lette symptom frå respirasjonssystemet til alvorleg sjukdom der luftvegane, hjartesekk, lever, bukhinna og milten kan vere medinndregne. Ved utbrot i ein flokk, kan ein ha alle former representerte samstundes.
Sjukdomsutviklinga avheng m.a. av smitteveg, fugleart, alder og kondisjonen til individet og kor aggressiv den aktuelle mikrobestammen er. Faktorar som stress til dømes ved flytting eller fanging, kan utløyse sjukdom.
Inkubasjonstida kan variere frå nokre veker til fleire månadar endatil opptil år, men samla sett kan ein seia at forventa inkubasjonstid er 5-20 dagar.
Diagnostikk
Ein kan ikkje stille diagnosen berre ut frå dei kliniske symptoma, fordi fleire sjukdommar kan gje liknande sjukdomsteikn. Sjukdommen må difor påvisast i laboratoriet ved immunologisk testing av blod- eller svaberprøvar, ved påvising av typiske vevsendringar i daude fuglar eller dyr eller ved å påvise mikroben ved hjelp av immunologiske metodar direkte i vev.
Førekomst
Infeksjon med C. psittaci kan gje sjukdom hjå mange ulike fugleartar; villfugl, produksjonsfugl og selskapsfugl og også hjå ulike pattedyr m.a. småfe, storfe, gris og katt. Aviær klamydiose har ei global utbreiing.
Ein stor del av selskapsfugl verda over er berarar av C. psittaci, men kor stor del av denne gruppa av fugl som ber smittestoffet her i landet, er ukjent. I Noreg blir det årleg rapportert nokre få tilfelle av aviær klamydiose.
Villfugl fungerer som eit reservoar for smittestoffet, og fuglar kan bere smitten utan å vise teikn på klinisk sjukdom.
Tiltak
Aviær klamydiose er ein liste 2-sjukdom. Etter eit utbrot er det viktig å vaske og desinfisere hus og bur der sjukdommen har vore påvist. Vanlege desinfeksjonsmiddel som kvartære ammoniumsstoff, benzalkon eller formalin er effektive mot organismen, og gassing av fuglehus med formaldehyd kan nyttast med hell.
Bakterien er kjensleg for antibiotika, og sjuke dyr kan behandlast med antibiotika. Bakteriane er relativt resistente mellom anna mot tørke.